Lindesnesregionens kulturstipend for 2012

i kategorien Nyheter

Dei fem kommunane i Lindesnesregionen har oppretta eit kulturstipend og deler dette ut for fyrste gong i år. Ved søknadsfristens utløp 1. september var det registrert 37 søkarar, fordelt på dei fire kategoriane: kunst, musikk, idrett og open klasse. Kvar kategori tildelar ein sum på 25.000,- kvar.

Stipenda er retta mot både ungdom og vaksne, enkeltpersonar, grupper, lag og foreiningar som er busett i eller har tilhaldsstad i Lindesnesregionen. Med stipendet ynskjer Regionrådet å stimulera og inspirera til kulturelt arbeid i regionen. Tildelinga er tenkt som eit bidrag og høve til å leggje til rette for utvikling av enkeltpersonar og grupper innafor kulturfeltet.
Det er fyrste gong stipendet vert lyst ut, men søkjarmassen syner at stipendet trefte eit behov. Kandidatane heldt høg kvalitet, og representerte ei breidde og variasjon i uttrykk, samfunnslag, kjønn og alder.
Følgjande kandidatar kom helt til topps i kvar sin kategori:

Kunst/kultur:
- Yvonne Hetlevik - biletkunst
Musikk:
- Joar Eriksen Veel – musikar Pikkolofløyte
Idrett:
- Erik Udø Pedersen – Friidrett
Open klasse:
- Erle Andrea Marki Hansen – sjakkspiller

Ei høgtideleg overrekking av dei nye stipenda vil finne stad i regionens kulturhus, Buen i Mandal, onsdag 12. desember. Me ynskjer å feire kulturen i regionen, og ikkje minst lyfte fram dei som utpeika seg til verdige kandidatar for stipenda i 2012.
Nærare opplysningar: Kulturkonsulent i Åseral, Tove Utengen. Mob:45202748/
kontor: 38285861.

Oddmund Ljosland
Leiar Lindesnesrådet
Telefon 47469292